Norsk Kulturarv

Norsk Kulturarv bidreg til verdiskaping – Kulturminner som blir brukte aktivt, skapar tilhøyrigheit og identitet.

15.05.2019

Stiftelsen Norsk Kulturarv (SNK) vart oppretta i 1993 av Oppland fylkeskommune og har 29 innskytarar av eigenkapital, hovudsakleg frå offentleg sektor.

Norsk Kulturarvs visjon er «Vern gjennom bruk».

Utvikling av nye næringar gjennom bruk av kulturarv-verdiar er ein vesentleg del av Norsk Kulturarvs arbeid.

Norsk Kulturarv bidreg på denne måten til verdiskaping – Kulturminner som blir brukte aktivt, skapar tilhøyrigheit og identitet.

Aktiv bruk er ein viktig premiss for ein levande og mangfaldig kulturarv.

Kulturarven er kjelde til livskvalitet gjennom gode opplevelsar, samtidig som kulturarven gjev grunnlag for næringsdrift. Inntekter som blir skapte, kan i neste omgang bli tilbakeført til vernearbeidet.

Norsk Kulturarv er ein interesseorganisasjon med formål å sikre kulturarven vår for komande generasjonar gjennom bærekraftig bruk langs kysten, i innlandet og i bystrøk og er open for medlemskap for bedrifter, kommunar, fylkeskommunar, regionråd, organisasjonar eller enkeltmedlemmar.

Norsk Kulturarv skal i følge punkt 2 i vedtektene:

  • Ivareta interessene til eigarar og brukarar av freda og verneverdige kulturminner
  • Arbeide for og delta aktivt i forsvarleg næringsutnytting av kulturarven
  • Gjennom økonomisk og fagleg bistand drive aktivt kulturminnevern med heile landet som arbeidsområde

Norsk Kulturarv arbeider med haldningskapande virksomheit, informasjon og formidlar verdiar som inspirasjon, kunnskap og identitet.

Norsk Kulturarv skal profilere seg gjennom aksjonar, prosjekt og spesielle produkt.