Alger for framtida

Arrangør: Galleri Bjørk

Sted: Bakketunet

Tid: 8. sept. 12:00-17:00

Universelt utformet: Nei

Det er ikkje tvil om at det går ei tarebølge over landet i desse dagar der det skjer mykje spanande rundt algebruk i blant anna ernæring. På markedet har det dukka opp spanande produkt der alger er ingrediensen, som noko av det sunnaste du kan ete. Sett ut frå eit miljøperspektiv er det kanskje ikkje så dumt at vi i større grad byrjar å utnyttar ressursane vi finn i fjøresteinane. Det er for så vidt ikkje ein framand tanke. Hjørundfjordingen har i tidlegare tider brukt tang og tare til både dyrefor og gjødsel når forholda krevde det, og er ein del av vår kulturarv.

Med den nye tarebølga som går over landet er vi sikre på at vi er med på å skape ein del av framtidas kulturarv når vi arrangerer ein eigen ALGER for FRAMTIDA dag i Bakketunet. Denne dagen kan besøkande sjå samtidsaktuell kunst og handverk med tang og tare som tematikk. Stabburet er fylt opp med helsefremjande produkt laga av alger. Og i kafeen serverer vi smaksprøver der alger er ingrediensen.  For barna blir det algeworkshop der ein maler eigne kunstverk med alger.