Den forsvunne hua

Sotra Husflidslag

Arrangør: Sotra Husflidslag

Sted: Gjerdet kulturminnegard

Tid: 3. september 14:00 17:00

Universelt utformet: Ja

«Den forsvunne hua»

Kor vart den av? Hua som så mange før i tida brukte. Den blåsvarte hua som var med frå vogge til grav.

Sotra Husflidslag vil i løpet av hausten 2022, og med ei særskil markering i fbm Kulturminnedagane, setje fokus på denne hua, men også andre huer. Huer og hodebekledning som både menn, kvinner og barn brukte, og som no for det meste er borte. Huer frå andre nasjonar og kulturar vil også verte leita opp og sett i samanheng med fokuset på hodebekledning og dets betydning og fellesskap for kulturar på tvers av landegrenser.

Det vert i løpet av hausten blant anna sett opp kurs i å lage den forsvunne hua. Visning av eldre film korleis ein sette på seg ei slik hue med tilbehør. Oppvisning av ulike huer husflidslaget har leita opp i løpet av hausten. I forbindelse med at husflidslaget i 2022 har sett opp denne blåsvarte hua  som sitt Raudliste-prosjekt, er det også under planlegging eit hefte om huer.

Så alt i alt så skal «Den forsvunne hua» løftast opp og fram denne hausten og på Kulturminnedagane 2022.

 

Hovedarrangør

Sotra Husflidslag