Arrangør: Bremanger kommune, kultureininga. Revylaget
Sted: Øyratunet, Svelgen
Tid: 10 og 11. september kl. 12.00-16.00
Universelt utformet: Nei
I 2021 ynskjer vi å sette fokus på industibygda Svelgen. Historia frå gardsbruk til kraft og industri har forma bygda slik vi ser den idag. Gjennom barnemusikkteater og kulturløype markerer vi i oktober 100 år sidan krafta la grunnlaget for utvikling.
Kulturminnedagane 2021, i september, gjev oss ein mogelegheit til å formidle og vekke interesse for dette tema og arbeidet som er igang Gjennom mellom anna dialog med frammøtte og inviterte,- framføring av sangar, fotoutstilling og historieløype for barn, håper vi å få innspel og vekke interessa for kulturhistoria til bygda vi lever i.
«SMELT» er tema for både barnemusikkteateret og kulturløypa. Manus til teateret er av Tor Karseth, kjent fra mellom anna «Unga på Løkja»frå Klevfos industri i Løten, Hedmark. Stykke er eit samarbeid med Bremanger kulturskulen og Svelgen oppvekst.
Bremanger kommune, kultureininga
Bremanger kulturskule,
Svelgen oppvekst,
Revylaget «Nord og ned»