Odd Arne Rudi

Arrangør: Verne-Vøla og Valdresmusea as

Sted: Gullsmedvegen/Hippegården mat og vin. Gullsmedvegen 10, 2900 Fagernes

Tid: 4.september, kl 12.00 - 21.00

Universelt utformet: Nei

Verne-Vøla og Valdresmusea ynskjer velkomen til hyggelege samtaler rundt dei tradisjonelle handverka i Gullsmedvegen den 4.september!

 

I samband med Fagernes byfest ynskjer Verne-Vøla og Valdresmusea og visa fram tradisjonelle handverk

 

I tidsrommet 12.00 – 16.00 vil du møta handverkarar av ymse slag som ynskjer å føra dei tradisjonelle handverkarfaga vidare.

Det handlar om høvlar og tregjenger, høvling ved skotbenk, malerikonservering, produksjon og bruk av tradisjonelle målingar, taktekking med Valdres-skifer, smiing, restaurering av vindauge, karveskurd, skimaking og lafting!

Her blir det noko for alle!

 

18.00

Me trekker inn i restauranten «Hippegården mat og vin», der det blir fleire foredrag.

  • Elisabeth Kværne vil fortelja om den kanskje fremste kunstnaren Valdres har hatt; Aslak Olsen Li
  • Eirin Breie går inn på det interessante tema om rensing av måla overflater og maleirikonservering
  • Andreas Goretzka viser korleis ein høvel blir til, og korleis det er mogleg å laga gjenger i tre

 

 

 

Det å vera tradisjonshandverkar er svært viktig, me ser at fleire og fleire huseigarar ynskjer å ta vare på dei gamle husa sine.

Det er bra, både som ledd i det å ta vare på tradisjon og historie, men det er også miljøvenleg å bruka det me har, og kunne setja i stand og slik føra det vidare og ikkje belasta miljøet ved å produsera nye materialar.

 

Men det å vera tradisjonshandverkar kan også vera einsamt.

Som det er i dag er det ikkje mange av oss, og ein støyter gjerne på interessante problemstillingar som kan vera utfordrande å løysa aleine.

 

 

 

Verne-Vøla og Valdresmusea ynskjer å skapa ein møteplass for tradisjonshandverkarar og folk som er opptekne av akkurat tradisjon og handverk.

Kanskje kan denne kvelden bli den kvelden då me kjem i gang med eit nettverk der me møtes og pratar om utfordringar, om oppgåver me held på med, om gleda ved handverket.

Kanskje kan enkelte framover ta opp tema dei er spesielt opptekne av, ting dei held på med.

 

 

 

Velkomne skal de vera!

 

Hovedarrangør

Verne-Vøla og Valdresmusea as