Nærøyfjorden Verdsarvpark
Arrangør: Nærøyfjorden Verdsarvpark
Sted: Grenda Bakka, Nærøyfjorden - Aurland kommune
Tid: 03. sept. 11:30 - 16:00
Universelt utformet: Nei
Temadag om bruk av lauvtre i det tradisjonelle landbruket og korleis bruken visast att i kulturlandskapet. Hovudfokus vil vere tradisjonane knytt til lauving / styving og lindebastetog, men ein får og innblikk i andre sortar lauvtre og deira bruk.
Arrangementet finn stad i den vesle grenda Bakka, mellom dei mektige fjella i Nærøyfjorden, og ein vil naturleg nok og få lære litt om dei særskilde landskapsverdiane som har gjeve dette området både verdsarv- og naturvernstatus.
Programmet startar med ei vandring i kulturlandskapet på Bakka i lag med gardbrukar Svein Tufte. Me samlast etterpå i den gamle skulestova til kaffi/te og noko å bite i, før Jarle Breilid frå Fresvik vil formidla om lindebastetog.
Velkomen til vår markering av Dei norske kulturminnedagane 2023!
PÃ¥meldingsfrist: 01. september.