Bunadshandverk i Bjørnafjordsregionen
Fotograf: Fransisco Munoz
Arrangør: Fortidsminneforeningen lokallag, husflidslaga frå Os, Fusa og Tysnes, Bunadsdamene i Samnanger, Breidablikk Anno v/Britt K. Rage, Alf Strønen og Samnanger, Bjørnafjorden og Tysnes kommunar.
Sted: Hålandsdalen (Fusa), Det gamle kommunehuset (Os), Yrkesstova (Os), Breidablikk Anno (Tysnes) og Eikelandsosen (Fusa)
Tid: 2. - 10. september
Universelt utformet:
Nei
Laurdag 2. september kl. 13.00 – Opning av kulturminnedagane 2023 i Holdhus kyrkje i Hålandsdalen, Hammarlandsvegen 31.
- Opning v/Ingebjørg Astrup
- Kyrkjetekstilar og bunadar i Bjørnafjordsområdet v/Anne Kolle
- Holdhus kyrkje si historie i festkledeperspektiv v/Torill Hjartåker Hauge
- Song v/Eirin Røykenes
Måndag 4. – laurdag 9. september kl. 12.00 – 17.00
- Utstilling i det gamle kommunehuset. Det vil bli vist heile drakter, bunader og mindre dokker, monter med ulike delar, bunadsskrin og knivar til bunad. Alt frå Bjørnafjordsregionen.
- Draktene og bunadane er frå perioden før 1900.
Tysdag 5. september kl. 17.00 – 21.00
- Ope hus med handarbeidskafe i Yrkesstova, Finnebrekka 21, 5200 Os
- Foredraget «Vår fargerike fortid» kl. 17.30 v/Britt Kjellesvik Rage
Onsdag 6. september kl. 12.00 – 17.00
- Registrering av bunadsdeler og drakter, samt ei lita utstilling i Breidablikk Anno galleri og verkstad, Grovarvegen 16, 5680 Tysnes
Laurdag 9. september kl. 12.00 – 17.00
- Registrering av bunads- og draktdeler i Det gamle kommunehuset på Osøyro, Postvegen 1, 5200 Os
Søndag 10. september kl. 12.00 – 17.00
- Demonstrasjon av ulike bunadshandverk i Yrkesstova, Finnebrekka 21, 5200 Os
- Det vil bli vist sølvknipling, perling, sokkaband/brigdaband, skjortesaum, bunadsskrin, kniv, dokkemakeri, forkle med dobbel uttrekkssaum, hovudplagg og sokkastrikk.
- Foredraget «Ulike teknikkar og symbol i bringedukar» kl. 13.00 v/Oli Lilletvedt