Levande kulturarv på Sunnhordlandstunet!

Sunnhordland museum

Arrangør: Sunnhordland museum og Stord husflidslag

Sted: Sunnhordland museum (Sunnhordlandstunet)

Tid: 9. sept. 11:00 - 14:00

Universelt utformet: Nei

I samarbeid med Stord husflidslag ønskjer me å invitere store og små til markering av Kulturminnedagane på Sunnhordlandstunet laurdag 9. september.
Årets tema er levande kulturarv – og med dette temaet har me valt å fokusere på korleis me kan overføre gamle handverksteknikkar frå ein generasjon til den neste.
Trearbeid med kniv (spikking) og veving av band (grindvev) er noko av det me ønskjer å løfte fram gjennom demonstrasjon, utstilling, forteljing og ulike verkstadsaktivitetar ute på tunet.
Me fyrar og opp åra i Ådlandsstova og inviterer til eventyr og forteljarstund med vår formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten.
Arrangementet passar for heile familien.
Sal av kaffi, saft og lappar.
Velkomen til store og små!
Pris:
Vaksne 100,-
Honnør 75,-
Familie (to vaksne med born) 150,-

Hovedarrangør

Sunnhordland museum

Medarrangører

Stord husflidslag