Ragnhild Tveit
Arrangør: Sagvågen kystlag, Stord røde kors, Stord kommune ved Eining for kultur, og Folkehelseforum.
Sted: Verven på Jensaneset, Jensanesvegen 157, 5410 Sagvåg
Tid: 31. august 11:00-14:00
Universelt utformet: Nei
Velkomen til Vervadag på Jensaneset!
På Vervadagen får du oppleva gamle skipsbyggingstradisjonar med sag, smie og dunk frå gamle båtmotorar. Du kan ta deg ein tur i robåt, få med deg barna på opplesing eller leikar, gå på utstilling, kjøpa ulike lokale produkt, drøsa med gode vener og sjå korleis skip har blitt bygde på Jensaneset i 200 år.
Arrangementet er del av Kulturminnedagane, som blir markert over heile Europe i midten av september kvart år. 50 land er med på European Heritage Days med rundt 70.000 arrangement og 30 millionar besøkande.
I år er fokuset for Kulturminnedagen “Spor og nettverk”, og Eining for kultur i Stord har lyst å setja søkelyset på Vervadagen og skipsbygginga på Jensanes som har lange og djupe tradisjonar. Ottesen skipsbyggeri blei grunnlagt så tidleg som 1825, og er det eldste i landet som framleis er i drift.
PROGRAM
-Barnebibliotekar Camilla Ruhs har opplesing/forteljing for dei minste kl. 11:30 og kl. 13:00.
-Utstilling med kunstnarane Madli Martens, Sigurd Søreide og Mari Søreide.
-Stord røde kors har gamle tradisjonsleikar for barna.
-Tur med robåt eller med den vesle “Britbesto”.
-Den gamle oppgongssaga blir satt i drift kl. 12:30 og kl. 13:30.
-Sal av ulike lokale produkt frå Eksingedalen, Onar Westerheim, Staudehagen, Føyno gard, Ellen Simonsen, Evelyn Johnsen og Solbjørg Tverderøy.
-Sal av god mat og drikke.
-Bakgrunnsmusikk av gamal årgang.