Enoch Djupdræt / Bjørnafjorden kommune
Arrangør: Åsmund Bjordal (Osbanens Venner), Øyvind Bugge og Ingebjørg Astrup (Fortidsminneforeininga - Bjørnafjorden lokallag), Leif Ragnar Tveit (Os kulturutvikling), Magnar Brekke og Jarl Aspaker (Venneforeningen for gamle Osbanen), Geirmund Dyrdal (Os sogelag), Tormod Kayser (Fana- og Ytrebygda kulturkontor) og Øyvind Gjerde og Kristin Bøe (Bjørnafjorden kommune - Kultureininga)
Sted: Vognhallen Os stasjon, Stend stasjon og Fana kulturhus
Tid: Aktivitet frå 29. august til 5. september
Universelt utformet: Nei
Gjennom Kulturminnedagane 2024 skal vi auke fokuset på Nesttun-Osbanen, som regel kalla Osbana, og formidle kor viktig denne jarnbana var for utviklinga og kommunikasjonslina mellom Os og Fana/Bergen.
Kvar månad i 2024 blir det presentert Osbanedrypp, små kuriositetar og bilete, i lokalmedia i Bjørnafjorden og Fana.
Torsdag 29. august kl. 19 Bjørnafjorden bibliotek
«Osbanen – lilleputtbanen som frakta over 4 millionar passasjerar»
Foredrag ved forfattar Per Ivar Tautra. Tautra har blant anna skrive boka Fremskrittet som åpnet bygdene : Nesttun-Osbanen: en attraksjon som ble borte.
Søndag 1. september er det nøyaktig 89 år sidan det sist toget gjekk på Osbana.
Frå kl. 10 Open dag på Stend stasjon
10.30 Buss frå Os stasjon til Stend stasjon
11.15 på Stend stasjon «Kor på linjen» framfører Frieri på Osbanen
11.30 Avmarsj frå Stend stasjon. Vandring lands delar av Osbanetraseen med Erlend Garåsen frå «Skinnelangs».
16.30 Varaordførar Marie Bruarøy avdukar blåskilt på Os stasjon
16.45 i Vognhallen Os stasjon: «Turveier på nedlagte spor i vest»
Foredrag ved Erlend Garåsen
17.30 Køyring av modelltog med damplokomotiv i Vognhallen
Torsdag 5. september kl.19 Småsalen i Fana kulturhus
«Osbanen – lilleputtbanen som frakta over 4 millionar passasjerar»
Foredrag ved Per Ivar Tautra
Fotoutstilling i Foajeen
Navn: Kristin Bøe
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Bjørnafjorden kommune
Telefon: 91376329
E-post adresse: krb@bjornafjorden.kommune.no