Arrangør: Voss sogelag i samarbeid med Voss utferdslag
Sted: Raundalen
Tid: Laurdag 7. september kl 13.
Universelt utformet: Nei
Me byrjar med omvising i Raundalskyrkja. Reidar Reime, som skreiv bok i samband med 100-årsjubileet for kyrkja i 2021, står for omvisinga. Boka heiter «Raundalskyrkja – 100 år. Kyrkja – dalen – og folket». Reidar Reime skriv i boka at kyrkja er ei langkyrkje med rektangulært skip og noko lægre kor, og at ho er oppførd i nasjonalromantisk stil med stavkyrkjekonnotasjonar. Kyrkja har full kjellar.
Etter omvisinga i kyrkja, køyrer me mot Skiple. Me går opp til den gamle kyrkjegarden. Reidar Reime orienterer om kyrkjegarden og arbeidet som har vorte gjort med restaureringa.
Me brukar privatbilar, og møter på Palmafossen for samkøyring. KL 12.00
Voss Kunst og Kultur
Kulturarvfestivalen i indre Vestland