Gry Mørk
Arrangør: Voss herad og Nærøyfjorden Verdsarvpark
Sted: Stalheim
Tid: 10.-11. september
Universelt utformet: Nei
Velkomen med på seminar om vedlikehald, istandsetting og tilrettelegging av historiske stiar og vegar!
Seminaret finn stad på Stalheim i Voss herad og langs Nærøyfjorden i Aurland kommune, med føredrag, guida vandringar og andre kulturelle opplevingar på programmet.
Arrangementet – som er er ei markering Kulturminnedagane i år – går over to dagar, der ein kan velje å vere med på ein av dagane eller begge.
PROGRAM Dag 1
10.00 Oppmøte, registrering, kaffi
11.00 Velkomst og føredrag om norsk veghistorie, ulike typar vegfar, tips og råd i arbeidet med historiske stiar og vegar.
11.35 Beinstrekk med kaffitår
11.50 Føredrag om ulike utfordringar knytt til historiske vegfar i regionen, knytt til attgroing, skjøtsel, tilrettelegging og bruk. Korleis handtere utfordringane konstruktivt?
12.30 Påsmurt lunsj (bestillast ved påmelding og betalast på hotellet)
13.05 Gåtur i Stalheimskleivi. : Orientering om Stalheimskleivi – historikk, vernestatus, restaureringsprosjektet og skjøtsel. Me ser på konkrete døme på arbeidet som har vore gjort mens me går nedover kleiva. Vidare bruk og vedlikehaldsarbeid er og tema.
• Sivlebautaen
• Paviljongen og Minesvingen
• Stien mot Sivlefossen
• Eldre stitrasé på tilbakevegen til hotellet. (Busskyss tilbake til hotellet om behov)
16.30 Seminardagen vert avslutta ved tilbakekomst til hotellet
16.30 Suppe
17.30 Omvising i Stalheim Folkemuseum
19.00 Kviletid
19.30 Aperitif og kunstvandring i salongen på Stalheim Hotel
20.00 Middag
PROGRAM Dag 2
08.45 Oppmøte på kaia i Gudvangen for båtskyss til Styvi
9.30 Ankomst Styvi. Orientering om Postvegen og Styvi som postgard, oppretting av
landskapsvernområdet, grunneigaravtaler og restaureringsprosjekt knytt til postvegen.
10.15 Me byrjar å gå postvegen mot Bleiklindi (5 km). Undervegs vert det formidling om skjøtsel og restaurering, tilrettelegging og besøksstyring knytt til postvegen.
13.00 Båtskyss Bleiklindi – Bakka
13.30 Kaffi/ te og lappar i Bakka verdsarvhus (det gamle skulehuset). Orientering om verdsarvhusprosjektet og ulike sider ved skjøtsel og ferdsle knytt til m.a. stølsvegen Rimstigen og «utsiktspunkta» Bakkanosi og Breiskrednosi. Problematikk knytt til parkering og toalett som tilretteleggingstiltak.
14.45 Buss frå verdsarvhuset til Gudvangen
15.00 Pizza på Gamlo
16.00 Avslutting
Formidlarar:
Jan Adriansen (Sweco), Bengt Erlend Skjerdal og Snædis L. Bjarnadottir (Nærøyfjorden Verdsarvpark), Marit Anita Skrede (Statens Vegvesen), Anbjørg Nornes og Jorunn Vallestad (Nærøyfjorden verneområdestyre), Trygve Dugstad (Stalheim Hotel), Berit Bruvik Tørrmuring, Svein Tufte (Bakka Grendalag), evt.
Pris og påmeldingsinfo:
For dagsbesøkande dag 1 er seminaret gratis, unnateke påsmurt lunsj. Det er høve til å delta på resten av programmet denne dagen mot vederlag. Seminaret dag 2 vil koste noko grunna skyss og servering.
Det er høve til å vere med på heile arrangementet og overnatte på hotellet.
Prisar og detaljar vert annonsert etter kvart.
NB: Påmelding innan 01. september!
Kontaktpersonar:
Anne Arneberg – Voss herad: anne.arneberg@voss.herad.no
Gry Mørk – Nærøyfjorden Verdsarvpark: gry@naroyfjorden.no
Voss herad
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Kulturarvfestivalen i indre Vestland
Navn: Anne Arneberg anne.arneberg@voss.herad.no Gry Mørk gry@naroyfjorden.no
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Nærøyfjorden Verdsarvpark og Voss herad
Voss herad
Voss Energi
Vekselbanken
Sparebanken Voss
Sparebankstiftinga Kulturvernforbundet
Vestland fylke