Austevoll kommune
Arrangør: Austevoll kommune, Austevoll Kystlag og Austevoll Husflidslag
Sted: Lokalt museumstun
Tid: 4 og 5 september kl 09:00 - 14:00
Universelt utformet:
Nei
På det lokale museumstunet Hufthamartunet, ønsker me å legge til rette for kulturhistoriske opplevingar for barn og unge. Difor inviterer me skular og trinn til ulike aktivitetar på tunet. I september inviterer me for fyste gong alle elevar på 8-trinn til «Min kulturverndag». På denne dagen vil elevane få innblikk i lokal kulturarv, -byggeskikk, båtkultur, handverk, lokal forteljartradisjon og matkultur.
Samen med Austevoll Kystlag og Austevoll Husflidslag ønsker me å bidra med formidling og meistring av aktivitetar innan lokal tradisjon. Til lunsj vert det mat av lokale råstoff, -laga på «friluftsvis». Folkebiblioteket vil formidla lokale forteljingar og eventyr. Elevane vil nytta offentleg transport til og frå arrangementet.
Austevoll Kystlag, Austevoll Husflidslag og ulike avdelingar innan Austevoll kommune samarbeider om eit permanent opplegg av «Min kulturverndag på Hufthamartunet». Målet er at me i fellesskap skal tilby opplegget til ungdomsskuleelevar under paraplyen «Den kulturelle skulesekken».
Navn: kristin Magnussen
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Austevoll kommune
Telefon: 55081223
E-post adresse: kristin.magnussen@austevoll.kommune.no