Arrangør: Sund sogelag og Nordsjøfartmuseet
Sted: Den gamle gravstaden i Telavåg med tur og formidling før arr. på Nordsjøfarymuseet.
Tid: 6.sept. Oppmøte ved parkering Lokavika kl 11.00
Universelt utformet:
Nei
Sund sogelag og Nordsjøfartmuseet i Telavåg arrangerer kulturminnedag i Telavåg søndag 6.september frå kl 11.00.
Det vert formidling av historia til gravplassen og restaureringsarbeidet som vart gjort under Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram «Perler i Nordsjøløypa».
Vi ynskjer å gjenskapa arrangementet som vi hadde den gongen med formidling av kulturarven med prest, musikar og frivillige som held historia levande. Etter seremonien går vi tur i Nordsjøløypa ut mot havet for ein matrast. Tilbake vert det ein kort køyretur til Nordsjøfartmuseet til meir program som er relevant for kulturminnedagen. Dette er framleis på planleggingsstadiet. Arrangementa er opne for absolutt alle og invitasjonane går breitt ut.
Turen er ein del av forarbeidet til Sund sogelag sitt prosjekt med å laga ei bok med kulturminneturar i Sund, der vi samlar kunnskap om fysiske kulturminne, lokale stadnamn og historie på 12 ulike turar. Boka skal innehalda kart, bilete og historier. Den er tenkt å brukast til inspirasjon for folk i alle aldrar, fastbuande, tilreisande, innvandrarar og flyktningar. Det skal vera ein kulturminnetur i nærleiken av alle skulane og barnehagane i Sund, slik at det skal vera enkelt å koma seg ut for å læra om kulturarven i eigne nærmiljø.
Sund sogelag
Navn: Laila Klemetsaune
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Sund sogelag
Telefon: 91520620
E-post adresse: klemetsaunelaila@gmail.com