Bygningsverndag på Søre Tveita

Arrangør: Sunnhordland bygningsvernsenter

Sted: Søre Tveita, Sunnhordland bygningsvernsenter

Tid: 12:00-15:00

Universelt utformet: Nei

Velkomne til open dag på Søre Tveita!

Den gamle, verneverdige garden opnar dørene og syner fram framtida si som senter for tradisjonshandverk og bygningsvern i Sunnhordland.

Du kan oppleva demonstrasjon av tradisjonelle handverksteknikkar, få presentert kva bygningsvernsenteret er og gjer, og besøka ulike utstillarar.

Her er alle velkomne – anten du er handverkar, huseigar eller berre nysgjerrig på lokalhistorie. Det blir høve til å kjøpa noko å bita i.

Gratis og ope for alle