Kystkvinnene – først opp og sist i seng. Føredrag ved Ågot Gammersvik

Ågot Gammersvik

Arrangør: Sotra Husflidslag, Folkeakademiet Vest og Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Sted: Øygarden innbyggartorg og bibliotek, Thon senter Sartor, Straume, 3. etasje.

Tid: 7. september 19.00-20.00

Universelt utformet: Ja

Ågot Gammersvik er etnolog frå Universitetet i Oslo, og har jobba som leiar i Hardanger folkemuseum, vore direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum og ved Maihaugen på Lillehammer. Seinare har ho også vore formidlingsleiar og jobba med utstillingar i Norsk Forsvarsmuseum i Oslo, og Bergenhus Festningsmuseum.

Foredraget er basert på ei undersøking Ågot gjorde på 1970-talet og framover. Ved registrering av faste kulturminner i kystkommunane Øygarden, Fjell og Sund samt i fleire kommunar på kysten, fekk ho gjort dybdestudier av fiskarbonden og dei tilhøva kvinnene levde under. Kunnskapen som kystkvinnene hadde gjorde det mogleg å bu i desse områda og syta for klede, hus og mat til familien sin. Kystkvinnene hadde kunnskap vi treng å kjenna til også i dag, særleg som beredskap i ei ny tid.

Hovedarrangør

Folkeakademiet Vest og Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Medarrangører

Sotra Husflidslag