Ope hus på Hustveitgarden

Arrangør: Hustveitgarden

Sted: Hustveitgarden

Tid: 5, september frå kl 14.00

Universelt utformet: Nei

I samarbeid med Kulturarvfestivalen i Vestland 2026, inviterer me til Ope Hus og tilstellinga i år vil ha stort fokus på korleis lokale eldsjeler redda Hustveitgarden, heimen til Voss sin første ordførar David Hustveit, frå forfall. For 10 år sidan var både dei fire husa i tunet og stølshuset på Helset prega av sterkt forfall. Sidan den tid har eldsjelene gjennom sitt sterke engasjement restaurert dei fleste husa i tunet pluss stølshuset. Det vert orientering om arbeidet og omvisning av både utførande fagfolk og dugnadsfolk.
Me byr også på kulturinnslag og lettare servering.
Alle tek seg opp til Hustveit til fots på eigehand. Det er god merking frå like etter Leidalsbrua på både den gamle ferdselsvegen og den nyare skogsvegen. Ein må rekna med 45-60 min gåtid. Merking til parkeringsplass i nærleiken.
Me ynskjer alle velkomne

Hovedarrangør

Hustveitgarden

Medarrangører

Kulturarvfestivalen i Indre Vestland

Kontakt

Navn: May Britt Øydvin

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Voss Kunst og Kultur

Telefon: 99441589

E-post adresse: vosskunstogkultur@gmail.com

Sponsorer

Voss herad, Voss sparebank, Vekselbanken, Voss energi og Kulturverforbundet