Amerikabrev frå før 1850

Arrangør: Voss folkemuseum

Sted: Voss Folkemuseum

Tid: Måndag 21. september kl 18.00 - 20.00

Universelt utformet: Ja

Dei mange tusen breva utvandra nordmenn sende heim frå USA er ei uvurdeleg kjelde til informasjon om den tidlege utvandringa. Nokre brev vart trykte i aviser, og mange andre brev vart lesne av fleire enn mottakaren, slik at dette var ei form for massekommunikasjon. Vossingen Lars N. Nesheim (1792–1880) tok avskrift av minst 178 amerikabrev frå vossingar. Alle desse breva er skrivne før 1850, og dette materialet er unikt på verdsbasis.
Historikaren Henrik O. Mathiesen har skrive ei doktorgradsavhandling om dei tidlegaste trykte amerikabrev, Eirik Helleve gav i 2025 ut boka Soria Moria om utvandringa frå Voss til USA. Saman vil dei snakka om desse tidlege breva, om Lars Nesheim, og om framtidige planar for å gjera dei betre kjende.
Gratis inngang!

Hovedarrangør

Voss Folkemuseum

Medarrangører

Kulturarvfestivalen i Indre Vestland

Kontakt

Navn: May Britt Øydvin

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Voss Kunst og Kultur

Telefon: 99441589

E-post adresse: vosskunstogkultur@gmail.com

Sponsorer

Voss herad, Voss sparebank, Voss energi, Vekselbanken og Kulturvernforbundet