Drakar og åklevev, spor i tre og trådar

Arrangør: Dalekvam forsamlingshus

Sted: Dalekvam forsamlingshus

Tid: Torsdag 3. september

Universelt utformet: Ja

Drakar og åklevev – spor i tre og tråd
Dale: Torsdag 03.09.2026 i Dale Forsamlingshus (ved kyrkja) 18.00-20.00
Gratis
Denne tilskipinga inngår i Kulturarvfestivalen i Indre Vestland @Kulturarvfestivalen
Terje Geithus og Bodhild Laastad var medforfattarar av boka «Drakar og åklevev» som kom ut i desember 2025. Boka fortel livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av meisteren Magnus Dagestad.
På Voss trefte han Eli Sæthre som dreiv med kunstbroderi og veving. Då Ivar si læretid var over, ville lukka det slik at dei slo seg ned i turiststaden Balestrand i Sogn. Dette var truleg det beste valet dei kunne gjera. I Balestrand fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar i drakestil og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
I dette foredraget set Terje Geithus og Bodhild Laastad Eli og Ivar si personlege historie inn i ein kultur- og husflidshistorisk samanheng frå utgangspunktet på Voss til turistbygda Balestrand der dei realiserte dåtidas husflidsideal – å kunna leva av sine henders gjerningar.
Gjennom forteljinga om Ivar og Eli får vi eit levande møte med ei tid då den norske identiteten blei forma gjennom kunst, handverk og arkitektur.
Kontaktinformasjon:
Terje Geithus, mobil 41454195, e-post: t-geithu@online.no
Bodhild Laastad, mobil 95817534, e-post: bodhild.laastad@gmail.com

Hovedarrangør

Dalekvam forsamlingshus

Medarrangører

Kutlruarvfestivalen i Indre Vestland

Kontakt

Navn: May Britt Øydvin

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Voss Kunst og Kultur

Telefon: 99441589

E-post adresse: vosskunstogkultur@gmail.com

Sponsorer

Voss herad, Voss sparebank, Voss energi, Vekselbanken og Kulturvernforbundet