Stiftinga Røtter
Arrangør: Stiftinga Røtter
Sted: Låven på eit tradisjonelt Trøndersk gårdstun
Tid: 7. sept. kl 09.00 - 21.00 og 8. sept. 09.00 - 15.00
Universelt utformet:
Nei
Brasetdagane setter fokus på fortelljing, språk og identitet.
Karl Braset var ein folkeminnesamlar, språkforskar og lyrikar frå Sparbu, som i si tid var særs oppteken av at folket skulle få lesa og skrive sitt eige språk. Med stor inspirasjon frå Ivar Åsen, arbeida han med ein gramatikk for den lokale dialekten på Sparbu, og fekk lokalbefolkninga til å fortelja for å ha gode språkprøver til arbeidet sitt.
Språkprøvene er ofte eventyr, sagn og lokalhistoriske hendingar som er gjengitt ordrett slik forteljarane snakka. Eventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe samla berre inn 11 eventyr frå dette området. Karl Braset ga ut 2 bøker med eventyr. Eventyra vart ikkje restituert og tilgengeleggjort på sama måte som Asbjørnsen og Moe gjorde det, men dei vart gitt ut i same form som forteljarane fortalte dei i si tid.
På denne måten er materialet til Karl Braset ein fantastisk kulturskatt som er vikitig å værne om og løfte opp og belyse på ulike måter.
Arrangementet tar tak i ein kulturarv for å verne om han, men og for å bruke han aktivt i å forme ein betre framtid for fleire.

Stiftinga Røtter er ei ideell stifting som bruker Kulturgården Bjerkem som ein formidlingsarena for berekraft, økologi og helse, gjennom læring og utvikling av heile mennesket i samspel med naturen. Elleve grunnfondsinnskytarar står bak stiftinga, mellom anna Mållaget Sparbyggjen og Steinkjer fortellerforum som også er medarrangørar til arrangementet.
Brasetdagane arrangerast i samarbeid med Nord-Norsk Pensjonistskole, Nord Universitet, Steinkjer Vidaregåande Skole, Mållaget Sparbyggjen, Steinkjer Fortellerforum og Midt-Norsk Fortellerforum.
Navn: Torunn Hernes Bjerkem
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Stiftinga Røtter
Telefon: 97562667
E-post adressee: roots@bjerkem.com
Det er ingen sponsorar til årets seminar som er det første i sitt slag. Tanken er at vi vil bruke erfaringane vi får til å utvikle årlege arrangement som er relatert til denne glemte delen av kulturarven i lokalsamfunnet vårt.