Sunnhordland museum
Arrangør: Sunnhordland museum
Sted: Sunnhordlandstunet
Tid: 5. sept: 12:00 - 16:00
Universelt utformet:
Ja
Laurdag 5. september kl. 12–16 inviterer Sunnhordland museum til MIN kulturverndag på Sunnhordlandstunet.
Gjennom utstillingar, demonstrasjonar og praktiske aktivitetar ønskjer me å samla folk i alle aldrar til kunnskapsutveksling om byggetradisjonar, mattradisjonar og handverk frå ulike kulturar. Årets tema er mønster og kulturarv i fare.
Besøkande kan mellom anna prøva seg på spikking, bygging av laft og handarbeid. Gjennom aktivitetar, samtalar og samarbeid i verkstadane legg me til rette for møte mellom menneske med ulik bakgrunn og erfaring.
Sunnhordland er prega av eit rikt kulturelt mangfald, og denne dagen ønskjer me å løfta fram korleis kunnskap om byggeskikkar, handverk, mat og tradisjonar kan delast på tvers av kulturar og generasjonar.
Arrangementet er gratis og ope for alle!
Sunnhordland museum
foreløpig: IKK Stord, Stord husflidslag og HVL.