Besøk på Stavset Internatskule

SWynnøve Hill. Fotograf har rettigheit, elevane veit biletet blir nytta.

Arrangør: Hjørundfjord Kulturvernlag

Sted: Stavset Internatskule

Tid: 10.09. kl 09:30 -19:30

Universelt utformet: Ja

Elevar frå Vartdal skule skal få kome på guida undervisning på Stavset Internatskule som vart bygd i 1915 fordi borna måtte flytte heimanfrå og bu på internat frå 1. klasse fordi det vart for farleg å ferdast langs fjorden og på fjorden på grunn av fonner som gjekk langs stranda og fonner som gjekk over fjorden.

Stavset Internatskule står akkurat slik den vart bygd, Hjørundfjord Kulturvernlag har restaurert den.

Det er ikkje godkjent brannvarslingsanlegg eller overrislingsanlegg på skulen, difor kan ikkje borna / skuleelevane oveernatte. Dei vil kome i puljer etter klasser og ha tre timar på skulen. Ein eleva som budde på internatskulen då ho gjekk på barneskulen vil foortelje.

På skulen har ein lærebøker og norsk lesebøker som vart nytta frå 1915 og til skulen lag ned i 1970. Desse vil også bli nytte denne dagen.

På kvelden kjem speidarane frå Ørsta. Dei vil få same opplegget som skuleelevane.

Alle vil få mat som var vanlig på internatskulen servert, så dei kan få sitje ved same bord som borna for 100 år sidan

Biletet som ligg ved er frå tidlegare besøk på skulen av tredjeklassingar

Hovedarrangør

Hovudarrangør er Hjørundfjord Kulturvernlag.

Laget har drive med fysisk restaurering av kulturbugg sidan 1096

Medarrangører

Skulen på vartdal

Ørsta Kyrkjelyd si speidartropp

Kontakt

Navn: Synnøve Hill

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Hjørundfjord Kulturvernlag

Telefon: 91326967

E-post adressee: Ballettskulen@yahoo.no

Sponsorer

Ingen