Arrangør: Sund sogelag og Folkeakademiet Vest
Sted: Sund kyrkje, Klokkarvik
Tid: Vandreteateret 2.september 14.00 - 18.00
Universelt utformet: Nei
Biblioteket i Sund 200 år
Sund sogelag markerer at biblioteket er 200 år. Bokutlånet starta ved at soknepresten i Sund kyrkje i Klokkarvik lånte ut bøker etter gudstenesta. Presten var altså den første bibliotekaren i 1823. Han hadde vel helst religiøse skrifter itil utlån i starten, men etter kvart som boksamlinga vart større, fekk folk meir å velja mellom. I opplysningstida var det viktig at folk kunne lesa og tileigna seg kunnskap. Vandreteateret 2 september skal visa bibliotekhistoria gjennom 200 år med scener både inne og utanfor kyrkja. Det heile vert avslutta med ein folkefest på Skuleneset der litteraturbåten ligg ved kai.
Sund sogelag
Folkeakademiet Vest