Brasetdagane 2026

Stiftinga Røtter

Arrangør: Stiftinga Røtter

Sted: Låven på eit tradisjonelt Trøndersk gårdstun

Tid: 7. sept. kl 09.00 - 21.00 og 8. sept. 09.00 - 15.00

Universelt utformet: Nei

Brasetdagane setter fokus på fortelljing, språk og identitet.

Karl Braset var ein folkeminnesamlar, språkforskar og lyrikar frå Sparbu, som i si tid var særs oppteken av at folket skulle få lesa og skrive sitt eige språk. Med stor inspirasjon frå Ivar Åsen, arbeida han med ein gramatikk for den lokale dialekten på Sparbu, og fekk lokalbefolkninga til å fortelja for å ha gode språkprøver til arbeidet sitt.

Språkprøvene er ofte eventyr, sagn og lokalhistoriske hendingar som er gjengitt ordrett slik forteljarane snakka. Eventyrsamlarane Asbjørnsen og Moe samla berre inn 11 eventyr frå dette området. Karl Braset ga ut 2 bøker med eventyr. Eventyra vart ikkje restituert og tilgengeleggjort på sama måte som Asbjørnsen og Moe gjorde det, men dei vart gitt ut i same form som forteljarane fortalte dei i si tid.

På denne måten er materialet til Karl Braset ein fantastisk kulturskatt som er vikitig å værne om og løfte opp og belyse på ulike måter.

  • Det vert ein komplett utstilling av Karl Brasets utgjevne bøker
  • Det vert gjennomført ein forteljarkveld som skal formidle historier, sagn og eventyr som Braset samla
  • Det ver gjennomført eit Ã¥pent seminar med tema sprÃ¥k, identitet og forteljing, som mellom anna studenter frÃ¥ Nord Universitet og elevar frÃ¥ 3. kl. studiespesialiserande pÃ¥ Steinkjer VidaregÃ¥ande skule fÃ¥r lagt inn i undervisninga si.

Arrangementet tar tak i ein kulturarv for å verne om han, men og for å bruke han aktivt i å forme ein betre framtid for fleire.

Hovedarrangør

Stiftinga Røtter er ei ideell stifting som bruker Kulturgården Bjerkem som ein formidlingsarena for berekraft, økologi og helse, gjennom læring og utvikling av heile mennesket i samspel med naturen. Elleve grunnfondsinnskytarar står bak stiftinga, mellom anna Mållaget Sparbyggjen og Steinkjer fortellerforum som også er medarrangørar til arrangementet.

Medarrangører

Brasetdagane arrangerast i samarbeid med Nord-Norsk Pensjonistskole, Nord Universitet, Steinkjer Vidaregåande Skole, Mållaget Sparbyggjen, Steinkjer Fortellerforum og Midt-Norsk Fortellerforum.

Kontakt

Navn: Torunn Hernes Bjerkem

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Stiftinga Røtter

Telefon: 97562667

E-post adressee: roots@bjerkem.com

Sponsorer

Det er ingen sponsorar til årets seminar som er det første i sitt slag. Tanken er at vi vil bruke erfaringane vi får til å utvikle årlege arrangement som er relatert til denne glemte delen av kulturarven i lokalsamfunnet vårt.