Damaskvevprosjektet sluttføring

Arrangør: Fortidsminneforeningen Sør Innherred, Bymuseet i Levanger, Levanger historielag

Sted: Brusve, Levanger

Tid: 11. september 1100-1400

Universelt utformet: Nei

DAMASKVEVEN SOM PROSJEKT   –   FERDIGSTILLING

 

På kulturminnedagen 11. september i år (2019), kan prosjektgruppa/samarbeidsorganisasjonane presentera den gamle damaskveven, eller «langleinane», som det heitte her, ferdig oppsett og rent med hovlar knytt på gamlemåten av materiale som på 1800-talet.
Vevstolen står no med vev i slik at det kan vere muleg for fleire å få prøve seg.

 

Masse timar er brukt i denne 3-årsperioden – med spekulering, prøving og feiling og arbeid   –  frå ein stod med ein haug med lause delar ingen var sikker på bruken av, til ein har lykkas med å ha langleinane ferdig oppsett. Under vegs, har vi hatt kurs/møte om «Lin-og linarbeid» og «Damask – og  damaskveving».
Det var i siste liten langleinane vart berga, for ein har brakt i erfaring at det er dei siste som er igjen i fylket (Nord-Trøndelag). Dei står no i sitt rette miljø her på Brusve, låna som lensmann Bardo Vestrum fekk bygd, da givaren- som sjølv er av Vestrum-slekt, har fått dei i arv frå Vestrum, heimgarden til Bardo Vestrum.