Arrangør: Voss folkemuseum
Sted: Voss Folkemuseum
Tid: torsdag 10. september kl 18.00 - 20.00
Universelt utformet:
Ja
I desember 2025 kom boka «Drakar og åklevev» med livshistoria til kunsthandverkarane Eli og Ivar Høyvik som bygde eit liv på «sine henders gjerningar». Ivar kom til Voss i 1903 for å læra treskjering av Magnus Dagestad. På Voss trefte han Eil Sæthre som dreiv med kunstbrodering og veving. Då Ivar si læretid var over slo dei seg ned i turiststaden Balestrand. Her fann dei ein marknad for Ivar sine utskorne møblar og Eli sine fargerike åkle vovne på oppstadvev.
Denne kvelden kan du høyra to av medforfattarane, Bodhild Laastad og Terje Geithus fortelje om livet til Eli og Ivar og ei tid då norsk identitet skulle formast gjennom handverk, kunst og arkitektur.
Gratis inngang!
Voss Folkemuseum
Kulturarvfestivalen i Indre Vestland
Navn: May Britt Øydvin
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Voss Kunst og Kultur
Telefon: 99441589
E-post adresse: vosskunstogkultur@gmail.com
Voss herad, Voss sparebank. Voss energi, Vekselbanken og Kulturvernforbundet