Arrangør: Bygdasjarm
Sted: 5727 Stamneshella, Norway Laksagiljo
Tid: Tysdag 4. sept kl 14.00 - 16.00 og 18.00 - 20.00 og 6.sept kl 14.00 -16.00 0g 18.00 - 20.00
Universelt utformet:
Nei
LAKSAGILJO
Her får du ei ektefølt smaks og kulturvandring, ei unik, sjarmerande, autentisk, spektakulær, historisk og artig oppleving, utanom det vanlege. Og mykje latter!
Opplevinga du ikkje visste om, men som du no ENDELEG veit om!
Bygdasjarm driv mikroturisme og identitetsturisme. Trur eg har funne opp det siste ordet, for finn det ikkje i ordbøker etc. Det er gøy! Maks 10 personar for kvar guiding. (Men kontakt meg gjerne dersom de er fleire) Du kan melda deg på aleine eller som ei gruppe.
Når du blir med meg på dette eventyret vil du få med deg herlege lokale smaksopplevingar.
Alt etter tilgang på råvarer vil det variere kva som vert servert. Men garanterer røykt laks eller ørret, produsert etter gamle oppskrifter, slik bestefaren min gjorde det og slik far min gjer det i dag.
Og du: Her snakkar me kvalitet på produktet med pallplassar i NM!
Du finn oss «midt i smørauga» og ein liten avstikkar på Dalseidet mellom Bergen og Voss. Dersom du kjem med bil.
Her køyrer du langs fjorden på Fv569. Etter ca15 min kjem du til Stamnes skule.
Her møter eg deg vinkande i vegen. For vinke, det gjer me på bygda!
Herifrå går me nokon hundre meter langs vegen, som er bygd med handmakt og til laksgiljo. Me tek oss god tid, for det gjeldt å nyte både tid, natur, kjensla av ro, stillhet, årvåkenhet og spenning.
Frå gilja går me ned til nothuset. For mange er turen ned til nothuset eit av høgdepunkta der meistring står sentralt.
Her kjem du heilt ned til sjøen og naturelementa er tett på.
Laksagiljo og sitjenota var ein heilt særeigen måte å fiske etter laks og årje (ørret) på. Fiskaren måtte sjå laksen med auga for å kunne fange den.’
I dag står gilja der på berghylla 20 m over sjøflata, som eit tydeleg symbol på ein kultur og ein kulturarv som er heilt særegen, i eit område som er ein del av UNESCO Biosfæreområde Norhordland. Det einaste området i Norge som har denne statusen pr. i dag.
For dei som vil kome med båt så er dette fult mulig. Eller kajakk om du vil. Eit eldorado å kajakke oppover eller nedover Bolstadfjorden, Veafjorden og det flotte fjordsystemet me har.
PÅKLEDNING:
Kle deg etter veret og pass på at du har sko med god sole. Feks. tursko eller fjellsko.
Opplevinga foregår i all hovudsak ute.
Dersom du har polaroide solbriller så er eit «stalltips» å ta dei med også.
Kvifor solbriller skal eg fortelje når me møtes.
PÅMELDING OG PRIS:
Trykk gjerne skal, interessert og del innlegget, men påmeldinga vert fyrst registrert ved å senda ein mail, sms eller rett og slett ringja for ein liten prat
E-post: annelise@bygdasjarm.no
Tlf: 481 97 024
Frist for påmelding: Seinast klokka 21:00 to dagar på førehand
Frå kr 555,- pr. person.
Betaling via Vipps 608813 Bygdasjarm AS
Ring meg om du ynskjer å ha med barn under 10 år.
Dersom turen av ulike årsaker må avlysast får du pengane tilbake eller me vert samde om nytt tidspunkt.
Om du vert forhindra frå å møte til avtalt tid, så gi beskjed og me vert samde om ei ny løysing.
Då gjenstår det å ynskje hjarteleg velkomen til ein sjarmtur, der opplevinga er meir enn berre det du ser.
Dette er kjempe kjekt og du gløymer det aldri!
Gode helsingar frå
Anne Lise
Bygdasjarm
Kutlruarvfestivalen i Indre Vestland
Navn: May Britt Øydvin
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Voss Kunst og Kultur
Telefon: 99441589
E-post adresse: vosskunstogkultur@gmail.com
Voss herad, Voss Sparebank, Voss energi, Vekselbanken og Kulturvernforbundet