Ei lita hue av blått – Blåhua eit kulturminne eller prydnad for framtida?

Sotra Husflidslag

Arrangør: Sotra Husflidslag

Sted: Biblioteket på Straume - Øygarden Innbyggjartorg og bibliotek på Sartor Senter

Tid: Laurdag 9. sept. 11.00 - 13.30

Universelt utformet: Nei

Ei lita hue av blått

Blåhua var i tidlegare tider i bruk av både små jenter og vaksne kvinner i vår draktregion. Den var soleis i bruk «frå vogge til grav».  Raudlistegruppa i Sotra Husflidslag har sett nærare på blåhuetradisjonen,  og lanserer eit hefte om dette tema på biblioteket på Sartor denne laurdag formiddagen.

Velkomen til både eit miniforedrag, høgtlesning, sang og musikk!

 

«Frå kystkulturen sin gløymde tekstilarv»

Bjørg Christophersen, tidlegare leiar ved Museum Vest, avd. Kystmuseet i Øygarden

Bjørg har jobba ved Kystmuseet i Øygarden i veldig mange år og har eit stort hjarta for den tekstile kulturarven som tilhøyrer regionen. Bjørg vil denne laurdagen fortelja om drakttradisjonar og tekstilar frå tidlegare tider ved øyane her vest. Om symbolikkar og skikkar og gløymde skattar.

 

«Minikonsert og musikalske innslag»

Thomas Aurlund Lossius (kontrabass) og Laila Linde Lossius (sang og gitar)

Thomas og Laila vil presentera ei blanding av folketonar, viser og jazz. Thomas er ein profesjonell bassist frå Sotra. Han har mastergrad i i utøvande jazzmusikk og har spelt på 15 albumutgjevingar.

Laila spelar gitar og syng viser frå blant anna Sverige og dei Britiske øyane. Ho har oversatt ein del av desse til norsk. Saman har dei tidlegare gitt ut CDen «Toner fra et åpent vindu»

 

«Ei lita hue av blått»

Tordis Lunde, forfattar

Tordis er ein lokal forfattar frå Sotra. Opprinneleg frå langt langt nord i Norge. Ho har i løpet av dei siste åra gitt ut fleire bøker.

Tordis les frå forteljinga om «Den vesle jenta og blåhuene» frå det nye heftet om blåhuetradisjonen.

Sotra Husflidslag med Raudlistegruppa

Snorklipping og «hefteslepp» av det heilt ferske heftet om blåhuetradisjonen i regionen. Heftet har fått navnet » Ei lita hue av blått – Blåhua eit kulturminne eller prydnad for framtida»

Arrangementet er gratis! Og eit ledd i Sotra Husflidslag si feiring av 40 år med husflid!

Takk til Øygarden Innbyggjartorg og Bibliotek på Sartor for lån av lokalet!

 

 

 

 

 

 

Hovedarrangør

Sotra Husflidslag

Sponsorer

Øygarden kommune

Hordaland Husflidslag