Vestnorsk utvandringssenter
Arrangør: Vestnorsk Utvandringssenter
Sted: Vestnorsk utvandringssenter- prærien
Tid: 13.sept. 12-16
Universelt utformet:
Ja
Møt smeden og trehandverkaren, prøv bogeskyting, lassokasting,
gullgraving, ta Amerikabilete, skyt med luftgevær og andre tidsriktige
aktivitetar frå utvandrarartida.
Mellom husa vert det aktiviteter med utgangspunkt i kva dei norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette seg og etablere seg i Amerika.
VI får besøk av smeden og trehandverkaren, som viser gamle handverk.
Prøv pil og boge, eit våpen som vart nytta til jakt både av indianarar og andre; luftgevær som også vart nytta til jakt og til å forsvare seg mot farar og fiendar; og lasso som vart nytte til å samle kveg. Laft eit hus, kle familien opp i tidsriktige klede og ta Amerikabilete hos fotografen. Kast hestesko og prøv deg på andre leikar, kjent for barn både i gamlelandet og i Amerika.
Det vert leirstemning med fyr i bålpanna, og vi har enkel kafé i The Plain Saloon.
Bli med på ein aktiv dag på Sletta!
PRIS:
Vaksne 120,-
Born kr 120,-
Familie (4 personar) kr 400,-
Vestnorsk utvandringssenter/ Museumssenteret i Hordaland
Bjørgvin Håndverkslag