Kulturminnedagen 2024

Arrangør: Hardanger folkemuseum i samarbeid med Folgefonn Husflidslag, Grimo bygdekvinnelag, Solgull 4H og Hardingfela.no.

Sted: Hovudbygningen og tunet

Tid: 8. september 2024 12.00-16.00

Universelt utformet: Nei

Kulturminnedagen: Sundag 8. september kl 12 – 16. Gratis inngang for alle!

Velkomen til årets Kulturminnedag 2024. Her vert det masse kjekke aktivitetar for både store og små!
Også i år vert det bruktmarknad på loftet ved sidan av kafeen. Du kan vera med å laga stearinlys, eller pressa eple. Det vert pizza i eldhuset, Kroting, rebusløypa gjennom tunet, handtverksaktiviteter, leik og laft, og andre aktivitetar for born. Det vert og sal av rykande ferske eplesmultringar, og dropskoking. Nede på museet er det open kafé, og du kan sjå våre faste utstillingar om folkedrakt, bunad og folkemusikk. I Storsalen heng utstillinga Systerspel. Der er det perle- og teikneverkstad, og leikekrok.

Kl 13.00: Sjå framsyninga Storebrum og vesle Olle Bolle i skulestova! Den vesle trollungen Olle Bolle er veldig glad i å vera ute og leika. Ein dag han er ute i skogen møter han mange rare dyr. Men han må passa seg så han ikkje treff på det store trollet Storebrum.

Kulturminnedagen vert arrangert i samarbeid med Folgefonn Husflidslag, Grimo bygdekvinnelag, Solgull 4H og Hardingfela.no.

Velkomen til ein spennande dag på museet!

Kontakt

Navn: Ingvild Hauso

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Hardanger folkemuseum

Telefon: 90078277

E-post adresse: ingvild.hauso@hvm.museum.no