Kulturminnetur Flatekval til Farestveit – Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Arrangør: Vaksdal Turlag/Grendahuset Ljosheim

Sted: Grendahuset Ljosheim

Tid: 07.09. kl1030-16 middag kl17:30

Universelt utformet: Nei

Turen er del av program for Kulturminnedagene, som vert markerte i Vaksdal Kommune. Vaksdal Turlag inviterer til tur over fjellet frå Flatekval i Eksingedalen til Farestveit i Modalen. Frå Farestveit får me skyss med Veteranbussen attende til Flatekval. Der vert det servering og kulturprogram i Grendahuset Ljosheim.

Fjellovergangen mellom Flatekval og Farestveit er ein mykje brukt ferdsleveg gjennom alle tider, både sommar og vinter.

Fram til 1964 høyrde denne delen av Eksingedalen til Mo herad, så det var heilt naturleg å ferdast over fjellet.Før køyrevegen gjennom Eksingedalen kom, var dette lettaste vegen for å komma ut frå Eksingedalen. Eksingedølane hadde sjøbuer på Mo på denne tida, der dei lagara varer, og dei gjekk over fjellet for å komma til kyrkja i Modalen. . Mykje tyder på at eksingedølar og andre nytta denne stien på veg til Gulating. I fire hundre år fram til utpå 1200-talet vart det halde ting på Guløy i Gulen, på Flolid gard, og kjelder fortel om at der var bøndene i Eksingedalen med.

Frammøte og parkering: Grendahuset Ljosheim på Flatekval klokka 10.30. Derifrå går me i samla flokk til Dalastova.

Om turen: Stien startar ved Dalastova på Flatekval. Det går bratt oppover lia, men stien tydeleg og lett å gå. Ein gjer fort unna mange høgdemeter. Like før ein når toppen, passerer ein Likhaugen. Det er kulturminne frå den tid denne staden var første etappe då dei skulle bera dei døde over til gravplassen i Modalen. Etter ei kneik til rundar ein høgda og ein kjem til Steinsetra. Der ser ein innover det vakre landskapet ved Storavatnet (656 moh). Her vert det nistepause. Ved Storavatnet har Modølar og Eksingedølar møttest på ulike stemne.

Terrenget flatt framover til Todeilstølen er flatt, og herifrå ber det nedover i omlag 2 km til Farestveit i Modalen.Turen er omlag 6 km, med omlag 400 meter i høgdeskilnad. Ein reknar 4 timar på turen, i tillegg ein god matpause.

På Farestveit ventar Veteranbussen til MEB på oss. Dei første 26 påmeldte får plass i bussen, dersom me vert fleire vert det organisert privatbilar i tillegg. Avreise frå Farestveit vert omlag klokka 16.

Utstyr: Du treng ein dagstursekk med mat, drikke og byteklede.

Servering: Attende på Flatekval vert det servering i Ljosheim. Menyen er rømmegraut med spekemat, kaffi og lefse.
Det er enkle garderobar i grendahuset (ikkje dusj). Ljosheim er eit av dei eldste ungdomshusa i Noreg. Dei siste åra er det gjennomført eit omfattande restaureringsarbeid. Soga til huset vil de få vita meir om under måltidet.

Pris: kr 400 for busstur og middag.
Grendahuset Ljosheim tek i mot betaling ved inngang til middagen. Arrangementet i Ljosheim vert ope for fleire enn turdeltakarane også. Måltidet startar omlag 17.30.

Turleiarar: 
Liv Anne Bergo
Sveinung Tyssen Bergo
Tomas Borovjak

Arrangementet er eit samarbeid mellom Vaksdal Turlag (turen) og Grendahuset Ljosheim, som står for serveringa.

https://aktiviteter.dnt.no/register/FlatekvalFarestveit_11022024012753#/

Medarrangører

Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Kontakt

Navn: Liv Anne Bergo

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Grendahuset Ljosheim

Telefon: 97653458

E-post adressee: l-abergo@online.no