Funne på det frie nettet.
Arrangør: Tingvoll Husflidslag
Sted: Tingvoll Økopark
Tid: 12. september kl 11:00-14.30
Universelt utformet:
Ja
Lin og ull er ikkje tull:
I ei verd der tekstilindustrien spyr ut klede, der det meste er syntetiske plagg, der plagga har reist halve eller heile jordkloden rundt og der vi er fanga av bruk og kast-kulturen, kan det vere på sin plass og sjå seg litt attende. Attende til ei tid, der ulla frå sauen og fiberet frå linet på åkeren, var det som var einaste kjelda til plagga ein brukte.
No har ikkje alle sauer og ikkje alle har plass til ein linåker, men må alt transporterast så langt og innehalde så mykje syntetiske fiber?
Vi vil helse på nokon som har gjort noko med den ulla dei fekk dårleg betalt for og som starta Tingvoll ull, der 100% ekte ullplagg vart resultatet. Tingvoll ullfilteri gjer «problematisk» ull om til yogamatter, markdekkedukar og ulike produkt.
Vi får også høyre om Fibershed Norge, der dei oppmuntrar sauebønder, designarar og handverkarar til å produsere kortreiste klede.
Norges Linforening arbeider for at folk skal satse på lin, både på hobbybasis og for at nokon skal satse på produksjon.
Vi jobbar med å få til kafé med servering.
Etter pausen vil det vere tid for mingling, diskusjonar og vi kan lage noko av ull og lin. Her ønskar vi barn og unge særleg velkommen.
Tingvoll Husflidslag er opptekne av husflid og handarbeid. Vi vil gjerne ta vare på kulturarven og har lin og linbearbeiding som raudlisteprosjekt.
Tingvoll museum, Tingvoll ull, Tingvoll ullfilteri.
Navn: Kari Folden
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Norges Husflidslag
Telefon: 99585306
E-post adresse: kari.kristin.folden@gmail.com
MIN Kulturminnedag.