Med Brørvikskuto til veglause gardar langs Veafjorden – Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Arrangør: Vaksdal Turlag

Sted: Seillas og gåtur i den veglause Veafjorden med den formidable Brørvikaskuto

Tid: 21. sept. 10-18

Universelt utformet: Nei

Bli med på vår svært populære og fantastisk flotte tur tilbake til farne tider langs veglause gardar på begge sider av Veafjorden. Turen er delt i tre etappar med båttransport mellom. For fyrste gong skal deltakarane få vere med å sigle eller ro Brørvikaskuto på ein av etappane. Det vert rikeleg med kulturhistorie på heile turen der vi besøker gardane Bukkestein, Veo, Kvåstad og Kvamme.
Gå direkte til påmeldingssiden her: Med Brørvikskuto til veglause gardar langs Veafjorden | Vaksdal Turlag (dnt.no)
Oppmøte: Stamnes kai. Parkering oppe ved kyrkja.
Oppmøtetidspunkt: 10.00
Avslutning: Stamnes kai klokka 18

Turskildring: Turen startar kaien på Stamneshella. Gruppa vert då delt slik at alle får ein etappe med å ro eller sigle Brørvikskouto og to etappar i leigd rutebåt. Frå Bukkestein, der det er to gardsbruk og skulehus (nå grendahus), går vi på gamal skuleveg langs fjorden til Veo forbi husmannsplassen Hålo som ne er under restaurering. Dette er ein kort og flat tur på 2 km med omlag 30 minutt i gangtid. Me reknar noko lengre tid då vi vil møta folk som kjem frå gardane her. Dei vil fortelje oss om livet slik det var på gardane då det var drift her.

Frå Veo tek vi båt vidare til  Kvåstad, der vi går forbi dei to fråflytta gardsbruk og vidare på sti til Kvamme. Moderat stigning og ein tur på kring 2 km og omlag 45 minutt i gangtid, men vi reknar nokre lengre tid då vi også her vil få høyra om gardane frå lokalkjente.

I naustet på Kvamme vil vi få servert fiskesuppe m/brød og kaffi etterpå. Her vil vi få høyre meir om laksefiske i fjordane frå Ola Kvamme.
NB! Vi vil ikkje besøke Fylo på denne turen.

Frå Kvamme tek båten oss attende til Stamneshella.

Gradering: 4-5 timar inklusiv pausar, lett tur. Samla tid inklusiv båttransport kring 8 timar. Til saman er turen på omlag 5 km og 50 høgdemeter.

Kulturhistorie: Om ein er interessert i gardane og plassane ein passerer på turen finn ein meir informasjon i bygdeboka for Vaksdal, band II og III: http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Bygdeb%C3%B8ker_for_Vaksdal

Brørvikskuto kan ein lese meir om på heimesida til stiftinga Brørvikskuto.

Sjå også gjerne episoden av nrk-programmet frå Bukkestein Der ingen skulle tru nokon kunne bu: https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/sesong/15/episode/5

Mat: Ta med god nistepakke og drikkeflaske til ein heil dag ute

Utstyr: Lett tursekk pakka med:

  1. Regntøy (jakke og bukse)
  2. Tynn vindjakke og turbukse (med god fukttransport)
  3. Undertøy i ull/ullblanding + ekstra skift
  4. Sokker med mye ull og god passform + ekstra skift
  5. Fleecejakke eller tynn varmejakke
  6. Farge
  7. Ullvottar eller andre vantar/vottar som er varme sjølv når dei er våte
  8. Fjellstøvlar eller gode tursko
  9. Shorts og t-skjorte om det er meldt varmt vêr

Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår

Pris: 650 kr ,- for medlemmar, 800 kr ,- for ikkje-medlemmar. Betaling når du melder deg på. Full refusjon vert gjeve ved avmelding inntil 10 dagar før turen, halv refusjon ved seinare avmelding. Ingen refusjon ved avmelding mindre enn 48 timar før turstart. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap.

Kart: Voss 1:50 000.
Turleiarar: Willy-André Gjesdal, Roger Sandvik og Elizabeth Gjessing

Spørsmål?  har du spørsmål kontakt med willy.andre.gjesdal@gmail.com

Hovedarrangør

Vaksdal Turlag

Medarrangører

Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Kontakt

Navn: Willy-André Gjesdal

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Vaksdal Turlag

Telefon: 48 88 03 54

E-post adressee: willy.andre.gjesdal@gmail.com