Open dag på Leirvik fyrstasjon

Foto:Trond Leirvik Onarheim

Arrangør: Stord kommune, Venelaget for Leirvik fyr, Stord fotoklubb

Sted: Leirvik fyrstasjon

Tid: Laurdag 4. september 10:30 - 15:30

Universelt utformet: Nei

Laurdag 4. september er det Open dag på Leirvik fyrstasjon. Opplev Midtøya og historia til fyret, her blir det arrangement for heile familien.

BÅT FRÅ LEIRVIK
MS Venemøy frå Notahaugskaien like ved MS Sunnhordland
Det blir gratis båttransport kvar halvtime frå Leirvik hamn klokka 10:30 og utover. Siste retur frå Midtøya klokka 15:30

PROGRAM 10:30 – 15:30

HEILE DAGEN
-Sal av betasuppe, lappar, kaffi og saft ved Venelaget for Leirvik fyr
-Utstillinga DIALOG med Stord fotoklubb
-Utstillinga MIN DAG, MI VERD – elevprosjekt i regi av Øyvind Hjelmen
-BUA Stord viser eit utval av utstyr til fritids- og sportsaktivitetar
-Prat med Venelaget for Leirvik fyr eller kulturminnerådgjevar i Stord kommune

11:20, 12:20, 13:20 og 14:20
BOK OG FYRBOLLE
Stord folkebibliotek tek med seg boka Piratene i gata, gratis piratbolle til ungane.

11:35, 12:35, 13:35 og 14:35
PIRATBANDET I FULL FYR
Lokale sjørøvarar med piratversjonar av kjente viser for små
og store.
Med Stian Tønder,
Ian Kolstad, Margrete
Lund Skorpen,
Andreas Bjordal,
Åsmund Natås og
Petter Misje.

HISTORIA OM LEIRVIK FYRSTASJON
På Midtøya har det vore drift av fyr sidan 1878, og fyrstasjonen med tilhøyrande bygg blei kjøpt av Stord kommune i 2005. Området rundt fyrstasjonen, moloen og tilkomstvegen er no eit statleg sikra friluftsområde.

Hovedarrangør

Stord kommune og Venelaget for Leirvik fyr

Medarrangører

BUA Stord
Stord fotoklubb
Øyvind Hjelmen