Indre Sogn Kystlag
Arrangør: Indre Sogn Kystlag
Sted: Attmed Sogn Fjordmuseum, ved nausten/basen til Indre Sogn Kystlag
Tid: tysdag 2.sept kl 17-19.30 og sundag 7.sept kl 11-15
Universelt utformet:
Nei
ISK skal arrangere rodagar. Gjennom desse rodagane vil me vere tilstades på fleire av basane våre der me tilbyr roing for spesielt born og unge, men også for vaksne. Me vil invitere breitt, og spesielt via innvandrarrådet og lokale asylmottak i kommunane, der me kan ordne transport, slik at det blir opent og gratis for alle som ynskjer å delta.
Me vil tilby enkel servering, og gi undervisning på korleis ein skal ro og kva som er viktig å tenke på for å få rett teknikk. Roknappen er eit sertifikat ein kan få ved å gjennomføre seks enkle øvingar der det blir delt ut diplom til alle som gjennomfører øvingane.
Me har både færingar og ein æring, som gjer at både born og unge kan få meistring ved å ro, sjølv om ein aldri har prøvd det før.
Indre Sogn Kystlag
Sogn Friluftsråd
Navn: Ruben Bøtun
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Indre Sogn Kystlag
Telefon: 95761717
E-post adresse: rubenbotun88@gmail.com
Luster Sparebank, Sogn Sparebank, Sogndal kommune, Vestland Fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Forbundet Kysten