Seillas med Brørvikskuto frå Stamnes – Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Arrangør: Skutefolket

Sted: Veafjorden

Tid: 08.09. kl12-15

Universelt utformet: Nei

Brørvikskuto er ein kopi av ei veaskute som vart brukt til å føra ved frå fjordane kring Stamnes på 1800-talet. Veden vart ført til Bergen og seld der. Det vart og ført buskap og andre handelsvarer, og skutene var ein viktig del av vegen til Bergen for dei som kom frå Vossatraktene og.

No kan du få ein tur på fjorden og nyta sjølivet mens du får høyra litt om historien om og kring skuto.

Me tek og turen opp på ei laksegilje og høyrer litt om laksefisket og ser kor Vossolaksen startar ferda si frå fjorden og opp i elva.

Ta med eigen redningsvest om du har, kle deg etter været.

Pris: 250,- pr pers, born gratis

Max 24 pers, me deler gruppa i to og byter på tur på fjorden og til laksegilja.

http://www.brorvikskuto.no/

Kontakt

Navn: Helene Kvamme

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Skutefolket

Telefon: 92463574

E-post adressee: helene.kvamme@gmail.com