Tone Kolsrud Schulstock
Arrangør: Folkeakademiet Klokkarvik
Sted: SAFT Sund aktiviteta og fleirbrukstun, Sundvegen 1709, 1. etg
Tid: Lørdag 4. og søndag 5. september kl 12.00-16.00
Universelt utformet:
Ja
Korleis lagar ein eigentleg ein pinnestol? Og kva kan ein heilt vanleg stol fortelje om livet før i tida?
SAFT – Sund aktivitet- og fleirbrukstun inviterer, saman med Folkeakademiet Hordaland, Folkeakademiet Klokkarvik og Sund sogelag, til eit praktisk møte med lokal kulturarv og tradisjonelt handverk.
Utgangspunktet er ein gammal pinnestol frå Olav Toft si lokalhistoriske samling frå Sund og søre Sotra. Stolen blir henta fram frå samlinga, dokumentert og kopiert av ein møbelsnikkar. Med utgangspunkt i originalen blir det laga byggjesett som deltakarane sjølve kan arbeide med.
Bygg din eigen stol
I verkstadene på SAFT kan du lære korleis ein pinnestol blir til og byggje din eigen. Du får også høve til å setje ditt personlege preg på stolen gjennom måling, overflatebehandling og andre detaljar.
Det blir i tillegg ei utstilling med stolar frå Sund frå ulike tidsepokar – frå heimesnikra stolar til fabrikkproduserte møblar.
Arrangementet passar særleg for barn og unge, familiar og nye innbyggjarar, men er ope for alle. Målet er å ta vare på lokal handverkskunnskap ved å bruke henne, lære henne og føre henne vidare.
Workshop: Gratis deltaking, men materiell/byggjesett kostar kr 500.
PÃ¥melding: Vipps #964876
Arrangementet blir gjennomført med støtte frå Kulturminnefondet.
Folkeakademiet Klokkarvik
SAFT Sund aktivitets og fleirbrukstun
Navn: Tone Kolsrud Tennfjord
Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Folkeakademiet Klokkarvik
Telefon: 95928198
E-post adresse: kolsrudtone@gmail.com
Adolf Jansens trelast, Laksevåg, Bergen