Utstilling og fikselaug

Arrangør: Sirdal Husflidlag og Sirdal Fjellmuseum

Sted: Sirdal Fjellmuseum i Våningshuset

Tid: 14. sept 10.00 - 16.00

Universelt utformet: Nei

Kva blir framtidas kulturarv? I ei tid der klesindustrien har skulda i store klimautslepp blir me tvungne til å tenkje meir over forbruket. Tidligare var det sjølvsagt at ein fiksa klerne til seg sjøl og til borna. Kva gjer me i dag?

I høve Kulturminnedagen og Husfliddagen vil Sirdal Fjellmuseum og Sirdal Husflidlag gå saman om å syna korleis ein enkelt kan fiksa, lappa, eller gjera om gamle klede. Me vil og setja opp ei lita utstilling i gamlahuset med kler – og fellesnevnaren er HOLDBART og Framtidas Kulturarv.

Arrangementet er gratis, og det vil vere mogleg og kjøpa runstykker, kake og kaffi.

Hovedarrangør

Sirdal Fjellmuseum og Sirdal Husflidlag