Ver med på Kulturverndagen 2026 på Koppen Gard!

Magne Raknes

Arrangør: Janne og Magne

Sted: Tunet Koppen Gard

Tid: 13. september 12 - 16

Universelt utformet: Nei

Årets tema er Kulturarv i fare, og på Koppen Gard inviterer me deg til å verta med og ta vare på den levande kulturarven vår før kunnskapen går tapt. Den immaterielle kulturarven – handverkstradisjonar, praktisk kunnskap og forteljingar – lever berre vidare når me held han i hevd og fører han vidare til nye generasjonar.

Denne dagen skal du ikkje berre sjå på, men sjølv få prøva deg på tradisjonelle handverk og oppleva gardshistoria på nært hald:

  • Tradisjonelt handverk i praksis: Prøv deg på støyping av tinnfigurar og sjå glødande jern verta forma, når me fyrer opp i den gamle smia.
  • Historisk omvising: Bli med inn i gamlahuset og høyr forteljingane om korleis livet arta seg her i gamle dagar.
  • For dei minste: I litlaløo vert det eigne, morosame og lærerike aktivitetar tilpassa barna.
  • Kultursti: Ta ein tur langs kulturstien og test kunnskapane dine om garden og lokalhistoria.

Saman tek me eit løft for å berga den materielle og immaterielle kulturarven vår. Velkomen til ein opplevingsrik og aktiv dag for heile familien på Koppen Gard!

Hovedarrangør

Janne Kallestad og Magne Raknes

Kontakt

Navn: Koppen Gard

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: MAGNE RAKNES

Telefon: 91994205

E-post adresse: magne.raknes@hotmail.no