Vev i fellesskap

Arrangør: Sotra Husflidslag

Sted: Gjerdet kulturminnegard, Bankesteinsvegen på Fjell

Tid: 5. september 18:30 - 20:30

Universelt utformet: Nei

Har du lenge hatt lyst til å læra å veva, men er litt usikker på korleis koma i gang, eller kanskje savnar eit vevfellesskap?

I oktober kan du delta på vevkurs hjå Sotra Husflidslag. Fokuset vert på tilverking og oppsett av renning som skal i veven før du kan byrja å veva.

Mandag 5. september mellom 18:30 og 20:30 kan du stikka innom Gjerdet kulturminnegard og gjera deg kjent med vevane der, få høyra meir om kurset, prata med vevinstruktør og andre vevarar.

Ein god kopp kaffi eller te i stova kan du også få.

Om du etter besøket får lyst å melda deg på vevkurs i oktober, kan du gjera dette i lenka under.

https://husflid.no/kursdetaljer/?id=1503

Hovedarrangør

Sotra Husflidslag