Restaurering av Store-veven: Open dag i Vevstova i Fjærland

Hilde Mauritzen

Arrangør: Olastova og Smettinn vevstove

Sted: Olastova og Smettinn Vevstove

Tid: Laurdag 27.september kl 11.00 - 16.00

Universelt utformet: Ja

Vi inviterer til ope hus på Olastova og Smettinn vevstove. Vi er fleire damer som lærer smettevev frå Anne-Britt Lotsberg, kjend frå m.a. bladet Husflid 01/25 og NRK i august, for restaurering av stoltrekk på Gamlehaugen i Bergen. Ho eig og driv Lotsberg veveatelier i Nordfjord. Huseigar Brita Distad Frækaland har fått innreia Fjøsen og tek vare på gamle vever. Her finn vi Store-veven frå Hotel Mundal, frå 1913. Den blei brukt til golvtepper, som blei vevd for eksport av hotelleigar Brita Dahle og jenter frå bygda. Dette ga heilårsinntekt for kvinner, då dei arbeidde på hotellet om sommaren. Det var sagt om veving (til turister som for til breane) og skyssinga, at det ga nok inntekt til å halde ei ekstra jente og ein ekstra gut, på garden.

Program

11. 30 Offisiell opning ved Kultursjef Håvard Ese Eliassen. Fjærland musikklag speler.

Høve til å sjå seg rundt i utstillingar, aktivitet i Olastova for born.

Program i Fjøsen 13.00 – 15.00 (ca.)

Anne Britt Lotsberg fortel om Store-veven, og arbeidet med å sette den i stand. Det er 1000 hovler i veven, og 1 mil renningstråd! Veven er 5,6 m breid, og har fem sett pedalar.

Sven Bjaastad leiar i Fjærland Sogelag, fortel om arbeidet med å flytte veven og det å setje den i stand.

Aud Ross Solberg konservator på Sogn Folkemuseum, De Heibergske samlinger. Fortel om den tidlige åkle – tradisjonen i Sogn, utviklinga av veving som inntekstkjelde og identitetsmarkør i første halvdel av 1900-talet, m.a. det første vevekurset i Lærdal i 1889.

Olav Orheim, glasiolog, fortel om skyssinga til breane og framveksten av cruise-trafikken. Den danna grunnlaget for omsetning av vevnader og handarbeid i Fjærland.

Ordstyrar Hilde Mauritzen oldebarn av Brita og Olaus Dahle, som fekk kjøpt inn Store-veven.

Inngang kr 100,- inkl.  kaffe og svele. Høve til å kjøpe annan mat og drikke.

Her får de og sjå innsamla åklevev, smettevev i aksjon, og trearbeid ved Einar Distad.

Kontakt for meir informasjon Hilde Mauritzen tlf 95271030

Vel møtt!

Hovedarrangør

Olastova og Smettinn Vevstove

Medarrangører

Kutlurarvfestivalen i Indre Vestland