Åpning av utstillinga om gullfunnet i Bygland i 1833 og Europeisk Kulturminnevernkonferanse

Bilete henta frå www.unimus.no

Arrangør: Bygland kommune

Sted: Byglandstunet i sentrum av Bygland

Tid: 3. sept. 11.00 - 16.30

Universelt utformet: Nei

 

 

Bygland er rik på kulturminne. Hanehaugane og andre gravfelt er velkjende minnesmerke i kommunen.

Eit kulturminne av særskild verdi er det gullfunnet som vart gjort i stranda på Nese i Bygland i 1833.

Funnet var gjort av nokre gjetargutar som var ute med buskapen nordover frå garden og beitemarka, og som seinare vart sett under vatn då fjorden vart neddemt ved århundreskiftet. Der i strandkanten på Gullsand ved Stemsbekk fann dei ein lerpose i sanden. Den viste seg å innehalde ei stor samling gullgjenstandar.

Gutane tok dette heim, og bøndene på Nese kontakta lensmann Løvdal og sokneprest Münster i Bygland. Desse embetsmennene utforma så ei detaljert gjenstandsliste og sende gullfunnet til Finansdepartementet, saman med gjenstandslista. Derfrå vart gullfunnet overdrege til Universitetets Oldsaksamlingar, nå Kulturhistorisk Museum (KHM) i Oslo.

Funnet vert av arkeologane beteikna som eineståande i sitt slag i Noreg. Gjenstandane frå funnet i Bygland er frå ei tid etter Romerrikets fall, då det frå om lag 400 e. Kr.f. kom mykje gull nordover til dei germanske landa. Dette vart ofte smelta om til bruk i deira handel og med deira biletmotiv og mønster, slik det hende med gjenstandene i gullfunnet. Det består av 33 gjenstander av gull, derunder betalingsringar med verdi frå 1 til 3 ringar, ei rad gullperler og gullsmykker med inngraveringar av nordiske mønster frå den tida.

Gullsamlinga frå Bygland ligg i Magasinet i Kulturhistorisk Museum i Oslo, og har aldri nokon gong vore vist utanfor museet.

På dette grunnlaget vart det i januar 2022 sendt søknad frå Bygland kommune om utlån av gullfunnet frå 1833 til utstilling i Bygland. Forslaget var at utstillinga kunne synast i Byglandstunet i sentrum av Bygland. I desse lokala er det òg eit stort bankhvelv, som kan rome monteret der gjenstandane frå gullfunnet vert utstilt.

Åpninga av denne utstillinga blir altså laurdag 3. september 2022 klokka 11.00 etterfulgt av Europeisk Kulturminnekonferanse i Bygland Kulturscene klokka 13.00.

Les mer om arrangementet HER

 

Hovedarrangør

Hovudarrangør er Bygland kommune.