Vestnorsk Utvandringssenter
Arrangør: Vestnorsk Utvandringssenter
Sted: Emigrantkyrkja
Tid: 3.sept. 19.00
Universelt utformet:
Nei
Kvifor reiste 52 små og store frå Norge til Amerika i 1825? Kven var dei? Korleis var overfarten over Atlanteren i ein overfylt båt, og vegen vidare i eit framand land?
Gjennom denne forteljarforestillinga blir tilhøyrarane teke med tilbake til sommaren 1825. Ved Bispebrygga i Stavanger låg seglskuta Restauration fortøyd. Om bord på dekk sto eit følgje på over femti menneske, barn, ungdomar og vaksne. Dei var reiseklare, klare til å vinka eit siste farvel til slekt og venner. Og dei skulle langt, over sjølve Atlanterhavet til Amerika.
Kven var desse menneska, kvifor reiste dei, korleis ble overfarten og kva skjedde vidare då dei nådde New York?
Det er forteljar Anne Elisebeth Skogen som fortel historia. Ho har jobba som dramalærar i kulturskolen i Suldal og som frilans forteljar gjennom Forteljarkokeriet i mange år. Denne forteljinga har ho fortald mange gonger, med og utan musikar, på norsk og engelsk, for vaksne, ungdomar og barn. Ho har hatt fleire turnear for Den Kulturelle Skulesekken i Rogaland, Hordaland og Vestland, delteke på festivalar og turnert i sju statar i USA, mellom anna i Mindekirken i Minneapolis, Minnekirken i Chicago, i Washington, Norway Feast i Decorah, i biblioteket i Omaha Nebraska og i fleire avdelingar i ”Sons of Norway” i USA og fleire gonger hatt førestillingar i den norske sjømannskyrkja i New York.
Bli med på ei utruleg, men sann reise gjennom forteljarkunst og historie.
Vestnorsk utvandringssenter er ein ekte norskamerikansk prærielandsby, som er flytta frå USA til Sletta på Radøy. Alle bygningane er reiste av norskamerikanarar i Minnesota og Dakota i perioden frå 1860–1920, der dei var i bruk i mange år. På Utvandringssenteret får publikum lære om korleis det var for norske emigrantar som innvandra til Amerika, samstundes som vi trekk parallellar til kulturmøte i vår tid. Arbeidsinnvandrarar, flyktningar og andre innvandrarar som kjem til vårt land, har med seg delar av sin kultur og tilpassar seg vårt samfunn.