Fjellgarden Leiro på Eidsland – tur & fiskekonkurranse – Kulturarvfestivalen i Indre Vestland

Arrangør: Eidsland Grendalag

Sted: Frå Eidsland Grendahus til Leiro

Tid: Ettermiddagen 31.08.

Universelt utformet: Nei

Eidsland grendalag inviterer til turdag til fjellgarden Leiro på Eidsland. Leiro er ein fråflytta fjellgard som ligg ved eit stort vatn på om lag 300 moh. Stien er litt bratt men lett å finne. Parker ved Eidsland grendahus, følg vegen vidare mot Myster og vidare innover mot fossen. Tidsbruk om lag ein time frå grendahuset.

På Leiro vert det fiskekonkurranse der det vert ein liten premie for største fisken, minste fisken og mest fisk. Fiskekonkurranse mellom kl. 14.00 og 15.00.

Turen er også eit ledd i markeringa av friluftslivets år, der me avsluttar trimpoengkonkurransen «Eidsland rundt» denne dagen. Alle som sjekkar inn på ruta til Leiro og rundt vatnet denne dagen får dobbelt med poeng på desse sjekkpunkta denne dagen.

Ta med niste og drikke.

Det vert høve til å grilla medbrakte pølser pølser og å få ein kopp kaffi.

Tilskipinga er gratis

Medarrangører

Kulturarvfestivalen i Indre Vestland

Kontakt

Navn: Eidsland Grendalag v/ Karin Nordheim

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Eidsland Grendalag

E-post adressee: karin.nordheim1@gmail.com