Guida omvisning hjå Dale of Norway – Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Arrangør: Dale of Norway

Sted: Dale fabrikker

Tid: 02.09. kl11

Universelt utformet: Nei

Velkomne til omvising hos Dale of Norway måndag 2. september kl. 11.00.

 

Dale of Norway kombinerer lokal, norsk tekstilproduksjon med internasjonal anerkjenning. For 145 år sidan var tilgang til lokal vasskraft og ull av høg kvalitet avgjerande for plasseringa av fabrikken på Dale. Produksjonen på Dale er framleis basert på lokal vasskraft.

 

Fabrikken huser også eit fabrikkutsal og eit lite fabrikkmuseum. På denne guida omvisinga i fabrikken kan du lære om historia til Dale of Norway. Du får eit unikt innsyn i norsk tekstilhistorie, og kan med sjølvsyn sjå korleis dei ikoniske Dale-genserane blir til. Du får også ei omvising i OL- og VM-rommet der offisielle meisterskapsgenserar heilt tilbake til 1956 er utstilte.

 

Pris for omvisinga er kr 100 pr. person.

Billettar kjøper du i Fabrikkutsalet ved oppmøte.

Omvisinga tar ca. 1,5 timar og oppmøte blir i Fabrikkutsalet til Dale of Norway.

Hovedarrangør

Dale of Norway

Kontakt

Navn: Astrid Lundvang

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Dale of Norway

E-post adressee: astrid@dale.no