Handverksdag. Møte mellom handverkar og publikum på Osøyro

Arrangør: Fortidsminneforeininga - Os lokallag, Oselvarverkstaden og Oselvarlaget.

Sted: Vognhallen på Osøyro, Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet

Tid: 7. september kl.11.00 - 16.00

Universelt utformet: Ja

Handverksdagen i Vognhallen og Oselvarnaustet er starten på Kulturminnedagane 2019, og det er samstundes markering av at Fortidsminneforeininga er 175 år. Det er ein nasjonal jubileumsmarkering, og fleire stader i landet har ein sett fokus på tradisjonshandverk. (fortidsminneforeningen.no). Det er viktig å halda tradisjonshandverket i hevd både for å ivareta kunnskapen som ligg i utøvinga av handverket, og for at ein som handverkar kan setta i stand gjenstander og bygg der slik kunnskap er naudsynt. Det vert demonstrasjon av 15 ulike handverk av utøvarar i ulike fag og materialar som grindbygg, metallstøp, karveskurd, fletting av kipe og bødkerhandverk.

Det vert program for heile familien med særleg tilrettelagte aktivitetar for born der dei får prøva handverk i teknikkar som keramikk, tresnitt og trådfletting.

11.00 – 13.00  og 14.00 – 16.00  Handverkstand for born inne i vognhallen. Påmelding på staden.

11.00 – 16.00   Demonstrasjon av ulike handverk i Vognhallen, Oselvarverkstaden og Oselvarnaustet.

11.00 – 16.00   Fotoutstilling i Vognhallen med tema handverk. Os fotoklubb

Vognhallen er eit kulturhistorisk bygg frå over hundre år tilbake då det gjekk ein smalspora jernbane frå Os til Nesttun. Os kulturutvikling har tatt vare på den opprinnelege konstruksjonen når dei har bygd eit bygg inne i hallen som vert nytta til ulike aktivitetar og galleri. Det er såleis eit godt døme på å ivareta eit kulturminne og gje det ny bruk.

Denne dagen vert publikum «ferga» over elveosen.

Hovedarrangør

Fortidsminneforeininga – Os lokallag

Medarrangører

Oselvarlaget og Oselvarverkstaden.

Sponsorer

Fortidsminneforeningen
Os kommune
Bjørnafjord Fondet