Kongevegen over Vindeggi- Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Arrangør: Vassvøri Sogelag

Sted: Bolstad, Voss

Tid: MÃ¥ndag 3. september kl 13:00 - 17:00

Universelt utformet: Nei

Tur: Kongevegen over Vindeggi 2.september kl.13.00. Vassvøri sogelag Vassvøri sogelag femnar om grendene i gamle Evanger kommune: Evanger, Bolstadøyri, Teigdalen, Bergsdalen og øvre del av Eksingedalen. Vindeggi er fjellpartiet mellom Bjørgo og Teigdalen. I eldre tid var dette postruta når det ikkje var trygt å ferdast over Evangervatnet. Turen startar ovanfor garden Horvei. På veg opp mot plassen Stigen passerer me Storestigen: Ein gamal trappesti som er sprengt inn i fjellet. Vidare passerer me elva Geitåni og held fram til fjellgarden Bjørgo. Like vest for innmarka passerer me ein høg mur i naturstein, Verken, kosta av Staten på 1700-talet. Vidare går vegen innover i Bjørgadalen, og me kryssar Ørevikelva. Det er no jamn stigning til toppen av Vindeggi, om lag 550 moh. Det ber så nedover til garden Brunborg: Eit gamalt klyngjetun med dei fleste bygningar intakt, og ein fastbuande. Jamfør «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Frå Brunborg fylgjer me gardsvegen ned til fylkesvegen i Forvene. Turen tek 3-5 timar. Køyr til Horvei, og følg skilt «Rørgo, Bjørgo, Geilane». Frammøte og parkering i Åsen ovanfor Horvei, 500 meter forbi innmarka på Horvei, mot Geilane. Ta til høgre på skogsbilveg, følg merking «Parkering». Parker på høgre side av skogsbilvegen som fører inn i Åsen. Då det ikkje vert sett opp felles skyss, er det fint om folk samarbeider om transport. Ein kan t.d. parkere bilar i Forvene på førehand, for så å køyra i lag til Horvei.

Hovedarrangør

Vassvøri sogelag

Medarrangører

Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Sponsorer

Vestland fylkeskommune

Voss herad

Vekselbanken Voss

Voss sparebank

Voss energi

Kulturvernforbundet- Sparebankstiftinga