Kulturhistorisk gardsbesøk med påmelding

Magne Raknes

Arrangør: Koppen Gard

Sted: Koppen, Hansdalsvegen 236. 5281 Valestrandsfossen

Tid: 3. - 4. September 12.00 - 17.00

Universelt utformet: Nei

Koppen gard med sitt unike kulturlandskap, er eit svært viktig kulturminne på Vestlandet. Alle bygningane som har vore på garden frå gamalt av er tatt vare på og dei fleste kan du sjå og oppleva.

Omvisninga byrjar i tunet. Me fortel om gardsoga, kulturlandskapet og bygningane som finns på garden og kva dei vart nytta til. Du får besøkja vetlahuset,  smio med fyr i esa og i litlaløo kor borna får laga lastebil, etter model av den borna leika med på 50-talet.  I det gamle våningshuset (gamlahuset), går me gjennom romma og du får oppleva korleis forfedrane budde, frå gamalt av og fram til 1960 – 1970 -talet. Omvisninga vert avslutta rundt bordet i stova, med ein smak av kaffimat frå gamledagar.

Etter guidinga kan du på eiga hand, gjera fleire ting. Du kan setja deg ned på ein benk i tunet for å ta inn den gode atmosfæren. Eller du kan gå ein kortare eller lengre tur på vår merka kultursti. Langs  kulturstien finns det gravplass frå vikingtida, steingardar, vårflor, torvhus og flott natur. Kanskje vil du møta på sauene våre. Dei er av rasen Gamalnorsk spelsau, som er ein ekte norsk urrase.

Vil du gå kulturstien, må du ta med deg tette sko til å gå i terreng.

For å laga ei betre oppleving for den enkelte, tek me i mot opp til seks besøkjande om gongen. Du er velkomen til å utforska tunet og kulturstien, både før og etter omvisninga.

VIKTIG! Du må kjøpa billett på https://koppen.ticketco.events/ FØR du kjem.  Det vil ikkje vera mogleg å kjøpa billettar på tunet vårt. Opphald i tunet og kulturlandskapet er berre for deg som har kjøpt billett.

Alle over 6 år må ha billett.

Koppen gard er eit kulturminne i privat eiga.  Ved å besøkja oss, støttar du oss i vårt arbeid med å ta vare på denne unike kulturskatten.

Alle inntekter går til drift og vedlikehald av bygningar og kulturlandskap.