Camilla Korsnes
Arrangør: Kulturløo på Drange
Sted: Kulturløo på Drange, Neshamnvegen 264, 5685 Uggdal
Tid: 2. september 12:00 - 16:00
Universelt utformet: Nei
Program:
Tema «På landet».
Av Ernst Berge Drange. Opplevingar til ein by-gut i åra kring 1960, ei tid då alle endå hadde besteforeldre eller tante og onkel på landet.
Tema «Reclaiming My Norsk Heritage».
Av Rolf Carlsen, frå Minneapolis, Minnesota, som er av 100 % norsk avstamming. 2 av 8 oldeforeldre er frå Tysnes (Dahlen/Hollekim).
Rolf vil leggja fram tankar om det å søka tilbake i sin norske kulturarv.
Aleksander Fauske frå Lynghaugane Møbelverkstad vil visa ulikheter og likheter mellom gamle reidskaper som er i Kulturløo og moderne redskaper som er i bruk i dag. Han vil også laga små treleker for barn.
Representant frå Tysnes Husflidslag har satt opp veven som er i Kulturløo og vil demonstrera veving og kanskje også karing og spinning.
Naturstien «Marihønevegen» og eventyrstien vil vera open for barn/familier.
I kafeen i Ondahuset vert det sal av drikke og brød med pålegg og vaflar. Brødet er bakt i gamleomnen i Kulturløo etter tante Lisa si oppskrift.
Kulturløo på Drange har ein stor autentisk samling av gamle redskaper som vart brukt på garden frå ca. 1850 og fram til ny tid. I tillegg er det sauer og høns som besøkende kan helsa på. Det er også lekeapparat og natursti.