Kulturminnedagen 2024

Koppen gard

Arrangør: Koppen gard

Sted: Koppen gard

Tid: 8. sep. 12:00 - 17:00

Universelt utformet: Nei

Me invitera til ein spanande dag med aktivitetar og opplevingar for store og små.
Aktivitetar du kan delta på er:

  • Brenning av jern slik dei gjorde i jernalderen
  • Laga brikkevev
  • Smi i den gamle gardssmia
  • Muring med skikkeleg grÃ¥stein frÃ¥ naturen
  • Oppleva kulturstien
  • Omvising i gamlahuset
  • Eigne aktivitetar for dei minste i snikkarbua

Det vert sal av drikke, fronsekaker/vaflar og pølser som du kan grilla på grua i tunet.
Koppen og vegen hit er ikkje tilpassa mange bilar og har få parkeringsplassar. Me oppmoda difor besøkjande til å gå eller køyra i lag.  Det vert lagt til rette for parkering ved hovudvegen, kor det er om lag 1 km å gå.
Du som har vanska med å gå, kan sjølvsagt køyra heilt fram.

Inngang kr 100,- som du betala med Vipps eller kontant, når du kjem.

Hovedarrangør

Koppen gard, Janne Kallestad og Magne Raknes

Kontakt

Navn: Koppen Gard

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: MAGNE RAKNES

Telefon: 91994205

E-post adresse: magne.raknes@hotmail.no